Den steile fjellheimen som krinsar bygda vår har ei magisk tiltrekkingskraft. Du kan ikkje unngå det når du går her nede på flata og sullar. Du vil opp. Opp gjennom stupbratta, heilt til topps. Ta deg ut,
kjenna pulsen hamra i bringa og vera overstadig lukkeleg med det.
Stiane går på kryss og tvers opp etter liene, til dei små stølane innpå flatene, til småvatna som ligg der og ventar på deg.
Milevis med kupert panorama. Og det er innan rekkjevidde alt saman.
På eit par timar, ein ettermiddag eller ei heil helg, hvis du har tid.
Kan hende med fiskestong og telt i sekken.