der Elva syng.

«Elva sin song er vatnet sin song. Og vatnet er sjølve livsnerva, ikkje minst i Vaksdal.
Det er  hemningslause krefter som slepp seg laus, grev seg gjennom djupe gjel,
kastar seg utfor fossefall, legg jordene under vatn. Her på Dale er dei temde no, dei villaste kreftene.
Men vatn har me i rikt monn. Og det har ein sterk meditativ verknad. Det finn gjenklang i deg,
i ditt eige blod, jordskapinga sitt krinslaup av skyer og regn. Du er ein del av det.
Nett slik du finn det vidare til værs i Bergsdalen, innover stølsheimane. 
Fjellauren er like raud og fin i kjøtet som han alltid har vore, og steggen skarrar framleis på r-en.
Naturen er mektig og terrenget godt å gå i.
Dette er plassen for deg som liker dei gode, seige turane. «

Årets gründer i Vaksdal for 2019.

Me er ikkje så reint lite stolte av den heideren. Stolte, audmjuke og særs glade.
Me har fått ei fantastisk mottaking. Det å få høvet til skapa vår eigen arbeidsplass og samstundes vere
til nytte for lokalsamfunnet er ei stor gåve.
Slikt motiverer oss til å gjera ein enno betre jobb i tida som kjem.

Eit moderne
kurs- og konferansesenter.

I den bakanforliggjande bygningen ligg konferansesenteret vårt.
To etasjer med møterom, kontorfasilitetar og eit større konferanserom med plass til 35 personar.
Alle rom er sjølvsagt utstyrt med trådlaust internett, prosjektor og flipover,
pluss smartboard i det største, såkalla Bergensrommet.
Du kan gå tørrskodd mellom husa.
Og alt dette kan du leige, for ein dag, ei helg eller ei heil veke for den saks skuld.

Kan du høyre fjella lokke.

Lånt av Bergen Turlag, Hordaland

Den steile fjellheimen som krinsar bygda vår har ei magisk tiltrekkingskraft. Du kan ikkje unngå det når du går her nede på flata og sullar. Du vil opp. Opp gjennom stupbratta, heilt til topps. Ta deg ut,
kjenna pulsen hamra i bringa og vera overstadig lukkeleg med det.  
Stiane går på kryss og tvers opp etter liene, til dei små stølane innpå flatene, til småvatna som ligg der og ventar på deg. 
Milevis med kupert panorama. Og det er innan rekkjevidde alt saman. 
På eit par timar, ein ettermiddag eller ei heil helg, hvis du har tid.
Kan hende med fiskestong og telt i sekken.

Spør oss gjerne om tips til turar du kan ta.
Me har gått dei fleste.

Lukka er å koma seg opp gjennom stupbratta.

Ein tur i fjellet har effekt på liv og helse. Og er ein open mot naturen, gjer seg tid og ikkje berre halsar avgarde – 
ja, så er det reine helbredet mot det meste. Fjellturar burde skrivast ut på blå resept.

Frå Elvahuset når du alle dei fantastiske dalane våre på under ein time.

Dei skjær seg innover og oppover kring oss på alle kantar, dei velsigna dalførene våre. Bergsdalen og Eksingedalen er kanskje dei to mest markante og namngjetne. Her har Turistforeninga og Vaksdal Turlag merka turløyper på kryss og tvers av alle vanskegrader. 
Dessutan har idrettslaga merka løyper frå alle dei sju bygdene og fram til ulike stølar. Treng du turtips, er det berre å spørre. Me har gått dei fleste.